Skip to content

Infrastruktur for elbilar i Hordaland

November 27, 2013

Normallading
I 2010 ble det bygd normalladepunkt for 2,3 mill. i samarbeid mellom BKK, fylkeskommunen, kommunar og kjøpesentra. Fullfinansiert av Transnova.

Hurtiglading
I perioden 2011 til 2014 vil det vere bygd ut hurtigladestasjonar for 10 mill. i fylket i samarbeid mellom kraftselskap, fylkeskommunen, kommunar og private aktørar. Finansieringa har vore Transnova (3 mill), Hordaland fylkeskommune (3 mill), kraftselskap (3 mill) og kommunar (1 mill). Private aktørar har bidrege med tomt/parkeringsplassar utan leige på nokre plassar. Gjennom oppgradering av hurtigladestasjonane vil alle kunne lade både med Chademo og CCS standarden frå om lag mars 2014.

Prosjekt “El 39”
Hordaland fylkeskommune tok i 2011 initiativ til “El 39”, vedtak i AU i Vestlandsrådet om utbygging av hurtigladestasjonar om lag kvar tiande mil frå Stavanger til Kristiansund. Elbilvegen frå Stavanger til Bergen og vidare til Oppedal ferjekai ved Sognefjorden har vore i drift sidan hausten 2012. Møre og Romsdal fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune arbeidar med å etablere hurtiglading i sine fylke langs E39.

Elbilvegen mellom Bergen og Oslo
Riksveg 7 over ny  Hardangerbru, Hardangervidda og Hallingdal er fyrste køyrbare elbilveg mellom Bergen og Oslo. Fleire elbilar har køyrt strekninga sumaren 2013. Men fyrst vinteren 2014 verd den grunnleggjande infrastrukturen ferdig utbygd. Det er då hurtiglading i Bergen, Dale, Voss, Eidfjord, Geilo, Gol, Flå, Hønefoss, Sandvika og Oslo. Det meste av stekninga kan tilbakeleggast ved å køyre om lag ein time, lade om lag eit kvarter, osb.. Dvs. at ein treng berre om lag to timar meir enn fossilbilar som treng 7 – 8 timar. Førebels tek det noko lenger tid frå Vestlandet. Årsaka er stigninga opp frå Hardangerfjorden til Halne fjellstove, 1200 meter stigning på 30 km. Ein må difor fullade batteria i Eidfjord. noko som tek ein time. Om vinteren må ein også supplere med normallading på Maurset 2 . 3 timar og nyte nasjonal turistattraksjon Vøringsfossen.

Tesla har eigne hurtigladestasjonar på Gol og Aurland. For desse elbilane går elbilvegen frå Bergen til oslo over E16 til Voss, Aurland og Lærdal. Så vidare Rv 52 over Hemsedalsfjellet til Gol og Rv 7 vidare i Hallingdal til Oslo.

Elbil seminarer
Det har vore arrangert fleire elbil seminarer og orienteringar i Bergen i samarbeid med Bergen kommune.

Meir informasjon
Les meir om elbilar og infrastruktur for elbilar på www.hordaland.no/elbil .

Leave a Comment

Leave a comment